Leiger du ut bustad? Då må du hugse å måle radonnivået

 

Frå 1. januar vart det påbode å gjere radonmåling dersom du leiger ut ein bustad. Hjå Promo i Førde er pågangen så stor at dei er tomme for målarar, og har lange ventelister.

– Vi har selt hundre målepakkar i løpet av to dagar, og nye bestillingar er sende. Det er ventelister på målarar no, seier Trond Ove Kvamsås i Promo i Førde.

Frå 1. januar 2014 må alle skular, barnehagar og utleigebustadar oppfylle radonkrava i strålevernforskrifta. For å finne ut om krava er oppfylte, er det i dei fleste tilfelle naudsynt å gjere ei radonmåling.

Ifølgje Verdas helseorganisasjon (WHO) er radon den viktigaste årsaka til utvikling av lungekreft, etter aktiv røyking.

Er årsak til 300 lungekreftsdødsfall

Ein går ut ifrå at radon i bustadar er årsak til om lag 300 lungekreftdødsfall årleg i Norge. Radon finst i alle typar bygningar, og total radonrisiko skuldast summen av opphald i ulike bygningar, altså jobb, fritid og privat bustad.

– Radongass forårsakar mange dødsfall i løpet av eit år, i form av lungekreft eller andre sjukdommar, seier Kvamsås.

Å stille krav til radonnivå i utleigebustadar er nytt. Når det gjeld skular og barnehagar er krava i strålevernforskrifta ei styrking av allereie gjeldande forskrift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar.

– Det nye krava er at utleigebustadar, bustadar som skal seljast, samt kommunale bustadar skal vere radonmålte og godkjende. Er det for høge målingar, må det gjerast utbetringar for å komme under 100 becquerel, seier Kvamsås.

Må syne dokumentasjon

Ei radonmåling tek minst to månadar, og skal gjerast i vinterhalvåret, i perioden frå midten av oktober til midten av april.

Ein måleboks står i huset i to månadar, så vert denne sendt inn til analyse, og etter ei stund får du att ein skriftleg rapport som fortel korleis tilstanden er i huset ditt.

Alle som leiger ut bustad har ansvar for at radonnivået i utleigebustaden er så lågt som det er praktisk mogleg å få til.

Kravet gjeld alle typar utleigebustadar, både dei som vert utleigde av det offentlege, verksemder og private, inkludert leilegheiter og hyblar til eigen bustad. Også institusjonar ligg inn under dette dersom dei som bur der, betalar leige.

Det gjeld også viss du til dømes eig ein del i eit burettslag eller sameige, og leiger ut denne leilegheita.

Utleigar skal kunne syne fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dokumentasjonen skal ikkje registrerast hjå myndigheitene, men skal vere tilgjengeleg både for leigetakar og ved eit eventuelt tilsyn.

Kan bli pålagt bruksforbod

Promo er i utgangspunktet eit ventilasjonsfirma, men då bølgja med radon kom, så tok dei til med radonsikring.

– Så har vi gått over til måling og utbetring av gamle og nye bustadar, seier Kvamsås.
Men kva gjer du, dersom målingane syner at det er for mykje radon i huset ditt?

– Det kan ein utbetre i form av balansert ventilasjon, eller at ein kan bore seg ned i grunnen for å få inn avtrekkspunkt der og danne undertrykk under bustadhuset, seier Kvamsås.

Og har du ikkje papira i orden når ein kontrollør ringjer på døra, så vil det få konsekvensar.

– Viss du ikkje har målebrev, så kan dei påleggje deg å gjennomføre ei måling, eller dei kan påleggje deg bruksforbod, seier Kvamsås.

Jobbar med tilsynsordning

Det er Statens strålevern som er tilsynsmyndigheit, men også kommunane kan føre tilsyn med radon i utleigebustadar. Dei har myndigheit etter kvart sitt lovverk.

– Vi jobbar med ei tilsynsordning, men vi er ikkje heilt i mål der endå, seier rådgjevar i Statens strålevern, Maria Larsson.

Ho legg til at det er fleire moglegheiter til å ha tilsyn. Ein kan til dømes stikkprøvekontroll i eit gitt område.

– Ein kan også gjere skriftlege kontrollar i eit gitt område, men dette er ikkje bestemt, seier Larsson.

Ho peikar på at kommunen har tilsynsmynde i forhold til helsemessige tilhøve i utleigebustadar.

– Ei løysing kan til dømes vere å integrere det i dette, seier Larsson.

Ho peikar på at det dei håpar på som ein viktig bieffekt av forskrifta, er at dei som leiger bustad vert meir medvitne.

– Vi håpar dette fører til at dei som skal leige, spør etter dokument som syner radonverdien. Forskrifta er laga nettopp for å beskytte dei som leiger, som ikkje har moglegheit til å få utbetra ein bustad som dei ikkje eig, seier Larsson.

 

Les saka her.